fredag 10. september 2010

Fredag - Nynorsk er så søtt.

Dette skreiv eg på onsdag(Åå, eg er så lei av den setninga):

Hei!

Vi har temaet nynorsk i norsktimane, så difor tykte eg at dette var eit perfekt høve til å skrive blogg på dette svært vakre målet. Nynorsk er så fint! Eg er glad i nynorsk.

Det har vore mykje styr dei siste dagane; mange opp og nedturar. Det verkar liksom som om alt skjer på ein gong. Men ein har ikkje stort anna å gjere enn å fokusere på det positive. Har vi noko val eigentleg? Ja, vi har vel det, men eg ynskjer ikkje å velje negativt. Eg treng positivitet! Det må likevel understrekast og tenkjast på: Eg saknar mine kjære. Så inderleg.

I dag har eg i alle fall hatt ein koseleg gymtime (orsak; ergonomi og bevegelse meinte eg sjølvsagt), og så har eg hatt ein super songtime! ”Firi Jonsok” er utruleg kjekk å synge. Fekk ein ny song også, men den trur eg blir vanskelegare og verre. ”I Hate Music” heiter den. Det tykkja eg var så morosamt at eg valde sangen, til tross for at han er svært høg og atonal. Eg treng utfordring, slik at eg kan strekkje meg.

I går fekk eg prate med Isabel, som kosar seg max på folkehøgskule. Slik verkar det i alle fall! Det var herlig. Dessutan fekk eg pannekaker (det er så godt), og vi passa mine skjønne søskenbarn; Emma og Liv. Søtare skal du leite lenge etter.

I kveld skal eg og Marte sjå Varg Veum. Smågodt, ein bra film, Marte … Kan det bli betre?

Fredag:

Nei, det vart ikkje betre. Det var ufatteleg kjekt. Filmen var faktisk så bra at eg gløymde å ete smågodt. Anbefales!

Har ikkje stort meir å skrive. Ser fram til jentekveld hos Sandra i kveld! Elles må eg nytte helga til litt leksegjering og øving.

Beklager at eg ikkje har publisert før, men det er framleis det problemet at det underleg nok ikkje funkar særleg godt å lime inn Worddokument dessverre. Eg gløymde å skrive dette inn i Blogspot. Stress.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarer er alltid koselige. Skriv da vel?!