torsdag 26. november 2009

Torsdag - Eit anna mål.

Hei.

I dag har eg funne ut at eg skal skrive eit blogginnlegg på nynorsk. Litt fordi vi har nynorsktentamen neste torsdag, og lit fordi eg ikkje har anna å gjere akkurat no. Viss du har noko å innvende på dette plutselege innfallet, bryr eg meg eigentleg ikkje. Min blogg. Haha!

Eg sit saman med Ragna, Sivert og Marion og pratar tull. Eg er fullstendig hyper akkurat no eg. Det kriblar i beina og eg har ekstremt lyst til å hoppe opp og ned eller gjere eit eller anna anna sjukt. Dessutan har eg funne ut at å grynte gjer meg i godt humør. Ja, eg er merkelig. Men er det så rart eigentleg? Eg har masse å glede meg over!

Det viktigaste er heilt klart det faktum at Alex kjem hit om to dagar! Han blir med på skulen på fredag og er der heile helga. Lite tid, så absolutt, men den skal verkeleg nytast! Neste uke byrjar tentamens og konsertkjøyret (det skjer ufatteleg mykje framover), men denne helga skal eg verkeleg slappe av og ha det fantastisk!

Ikkje nok med dette, men når alt køyret før jul er over, er det juleferie som består av vakre ting; familie- og vennesosialisering, søstra mi og Helge er der, masse fine gåver å gje bort osv. 27. desember tar eg flyet til Oslo, der eg møter Alex og Malin. Vi tar flyet til Narvik og blir der i ei veke!

Eg byrja dette innlegget i går, men eg rakk ikkje publisere ettersom eg starta innlegget dei to siste timane. I dag er det, som du sikkert har skjønt, torsdag, og vi har naturfag. Vi jobbar med eit program som heiter "Mat på data", sidan vi har byrja med kosthaldskapitlet. Det programmet funkar ikkje så bra, så foreløpig har eg ingenting å gjere. Er spent på kva vi skal gjere i lyttinga i dag, og gleder meg til kor. Høyrer rykter om at vi skal synge med andre og tredjeklassingane. Det hadde vore gøy!

Elles; kva har skjedd dei siste dagane? Det var utruleg kjekt på song på tysdag. Har velt ut julesongar til den 18. desember. Elles på tysdagen hadde eg ein veldig fin samtale med Isabel.

Onsdagen besto av ganske så mange fritimar, sidan vi verken hadde kontakttime eller tysk. Eg og Ragna nytta høve til å stikke på butikken. Ein stor Twix kosta 14 kr! Det tykkjer eg faktisk var veldig billig, med to store sjokoladar i og alt. Haha, i dag er eg verkeleg sakleg kjenner eg.

Tida går sakte. Det er framleis naturfag ... No har Rebekka vore så snill at ho hjelpte meg med "Mat på data"-programmet. Søtt!

No skal vi sjå film om fordøyelsen. Ikkje særleg delikat, menmen.
Ok, eg held fram: Onsdagen etter skulen var det altså reunion med klasse 10D, mi kjære klasse som vart skild i haust. Eg, Sandra og Marita tok bussen og deretter båten til Langevåg. Mor til Marita køyrde oss til ungdomsskulen, så vi kom ein halv time for tidleg. Det var rart å vere der att; veldig merkeleg at skapet mitt blir nytta av nokon andre liksom. Uansett; det var kjekt å sjå alle saman! Vi hadde nokre utruleg koselege timar, der vi laga pizza, åt pepperkaker, skravla, informerte kvarandre om kvar vi går no og korleis det går, og såg bilete og grand prix-film.

Pappa henta meg i sjutida, og då eg kom heim var det litt øving og lekser og sånn, hotel cæsar, og ein herleg samtale med Ida! Det var ein svært etterlengta samtale som varma godt. Kvelden blei avslutta som ein perfekt dag skal; ein talk med Alex! Sovna akkurat da vi la på, så det var herlig.

Uff, tida går så sakte ... Haha. Heldigvis har eg litt å gjere. Eg skal øve, ein tur på korps (eg og Vebjørn skal prøve oss som instruktørar), og så er det kontaktmøte her på Fagerlia klokka halv ni. Skummelt!

Men eg trur eg skal avslutte dette nynorske og ganske lite interessante blogginnlegget. Eg burde vel følgje litt med også.
Vi snakkast.
Eg har gløymd ein del nynorsk merkar eg. Orsak alle skrivefeila eg sikkert har!

"Eg skjøner ikkje samanhengen". Genialt, Ida!

Eg voner de får ei fantastisk helg, folkens!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kommentarer er alltid koselige. Skriv da vel?!